søndag 7. august 2011

OPPUSSINGSPROSJEKT

I eit av mine tidligare innlegg viste eg gjesterommet i sommarhuset vårt. I påska i år kunne vi omsider innvie huset etter 5 år med totalrenovering. Halve huset var ei over 100 år gammal tømmerstove med loft på og resten bygd på litt seinare. Huset vart fråflytta på 50 tallet og sidan var det kun nødvendig utvendig vedlikehold som vart gjort. Her ser ein litt av "galskapen" vi starta på.

Her har vi revet et tilbygg og starta på tilbygget som rommar bad, gang og soverom


..og eit lite blikk frå innsida


..ikkje mykje vakkert å sjå her, galskapen var i gong.
Det hadde nok vært kjappere å rive og bygge alt nytt frå grunnen av. Einaste grunnen for å at vi valgte å gå i gang med dette, var den gamle tømmerstova. Den VILLE vi bevare.
Ellers framstår huset som nytt, kjem tilbake seinare med bilder av det slik det vart.

Håper alle har hatt ein trivelig søndag ! Eg og kjekkasen min har vært i kaffebesøk og smakt nysteikte vaflar og heimelaga rørt jordbærsylte. Namm,smakte fantastisk godt og veldig trivelig å samlast alle store og små.

Ønsker alle som kik innom ei ny god veke

Ingen kommentarer: