lørdag 13. august 2011

Enkel lunsjrett

Har dere hatt ein fin lørdag ? Hos oss har vi hatt ein nydelig sommardag og har kosa oss ute. Herlig med slike dagar når ein har fri og virkelig kan nyte det.
♥ Ekstra kjekt når to små bestemor-gull kjem på besøk ♥


Til lunsj i dag vart det denne enkle og supergode pastaretten


Oppskrifta på denne retten fikk eg faktisk hos ein mann ein gong over "handlekorga".
Her er oppskrifta om nokon har lyst å prøve;

1 pakke smårettbacon
1 liten rød paprika
1 liten purreløk
1 boks Creme Fraiche
Salt og nykverna sort peppar

1 pk fersk tagliatelle som kokes

Surr bacon, skjær paprika og purreløk i småbitar og surr i lag med.
Bland i Creme Fraiche og la det surre litt på svak varme.
Legg ferdigkokt tagliatelle på tallerken og legg det andre opp på.
Ha på nykverna peppar og evnt. litt salt.

ENJOY !