onsdag 28. desember 2011

♥Jula 2011♥

Årets jul er blitt ei hendelsesrik jul på mange måter.
For første gang på mange år har vi feira jul utenomhus. Litt uvant å pakke bilen og reise avgårde,
riktignok ikkje så langt, men det å ikkje skulle feire jul heime..

Årets juletre vart av den små og lave sorten, og pynta av eit mormor-gull heilt åleine♥
Årets julefeiring var i år hos min yngste datter og familien hennar.
For dei vart det første julefeiring i eige hus og 5 store og 3 små var samla på julekvelden.
Koselig kveld med nydelig julemat og masse flotte gaver♥
Trur alle var kjempefornøgde med det dei hadde fått.


Flotte bøker var noko av det som låg under treet til meg ♥


GG krus og skåler og lampe til karnappet var noko av det som stod på ønskelista - og som var under treet ♥


1. juledag var det berre avslapping og kos heilt til ho Dagmar kom..
Med ein mann som jobber hos ein strømleverandør, har han stort sett vært på jobb sidan då.
Orkan og flaum har ført til store ødeleggelser og store utfordringer for alle dei som er involverte i redningsarbeida. Ikkje kjekt å vite at dei må være ute i ekstremvær når vi blir oppfordra til å holde oss  inne.... Dagmar kjem vi til å huske.. med gru..!!

Koldtbord og familieselskap er tradisjon hos oss 2. juledag.
Slik vart det i går også sjølv om nokre var på jobb og andre lot seg stoppe av været.
Heldigvis kom alle seg vel heim.

I dag har eg kosa meg inne - nyt siste rest av jula og julekosen innandørs
I morgon kjem dei siste julegjestane dette året.
No er det eit heilt år til neste jul..


1 kommentar:

Mayen sa...

Så heldig du er som fikk bøker!! Æ hinte og hinte, men har bare en bestevenn som kjøper bok hvet år, og alltid en æ ikkje vet at æ ønske mæ ;-) Ha ei fortsatt fin romjul, no e det snart 2012!