lørdag 8. oktober 2011

Morgonstund…

Morgonstund er gull i grunn når ein kan våkne opp til ein flott haustdag etter dager med vind og store nedbørsmengder. Kjekkasen min er reist på hytta og skal klargjere den for vinteren, so eg kosar meg heime i godt selskap med meg sjølv ♥ God kaffi og ei bloggrunde mens eg ventar på 2 kjekke svigerguter som skal sette på plass den nye Liatorp skjenken vi har kjøpt fint brukt på finn.no.

Kaffikos

Når vi kjem ut på høsten, kjenner eg at hyttelivet må leggast på is til våren. Godt å berre være heime og sleppe å handle inn og pakke og reise avgårde. For oss som har 2 hytteparadis blir det mykje reising hit og dit. Forrige helg avslutta eg for mitt vedkommande turane til hytta og sommarhus sesongen vart avslutta forrige mnd.

Hytta

No er det innandørs høststemning som gjeld – mykje lys og mykje varme ♥

Høst innandørs

Høst inn1

Når svigergutane har vært her, blir det ei lita shoppingrunde og ein tur ut i sola.  Butikkane bugner av flotte ting no, så eg har så smått starta på julehandelen… 

♥Ha ein fin lørdag♥

Ingen kommentarer: