onsdag 30. november 2011

Min adventsstake

I år har eg laga meg ein ny og veldig enkel adventsstake.


Kvite kubbelys som eg har dekorert med eit av Sagen Vintage sine nye julemotiv
og tall frå Kremmerhuset !


Lysa er plassert på eit heilt enkelt speilfat med litt stjerner i  "sølv".


Legg dette inn som bidrag til Snikkarbuo si utfordring "Vis oss din adventsstake"

♥Ønsker alle ein fin kveld vidare♥


søndag 27. november 2011

Litt julestemning

... er det blitt i heimen sjølv om vi ikkje har fått gjort alt klart


Trollhassel frå hytta har eg julepynta ♥♥

..og litt julestemning frå kjøkkenet ♥♥


Julestemninga kjem snikande, kjenner eg..
Har du fått julestemning ?

Førjulsklem frå meg♥

lørdag 26. november 2011

Det er ikkje til å tru at vi i morgon er komt til første søndag i advent.
I morgon skal vi rydde på plass igjen etter oppussinga av stova vår,
og julestæsjet skal finnast fram.  Førjulstida er kjempekoselig ♥


Dette er foreløpig det einaste som kan minne om at jula er på veg..



Resten av kvelden er avsatt til film-date med kjekkasen min ♥

En fin lørdagskveld videre♥♥

torsdag 17. november 2011

Lysfat

Eg har nok litt DILLA på lysfat også.
Kjekt å sette i hop diverse lys og stæsj.
Hos Maia med bloggen Fabelaktig går
det no ei utfordring om å vise lysfatet ditt.
Her er eit av mine
 

T-lysestaker fra kremmerhuset


Gammel messinglysestake som er spraya kvit


Hjerter og engel


Ha ein fin kveld vidare♥

søndag 13. november 2011

Engledilla

God søndag og gratulerer med dagen til alle pappaer.  Og spesielt til min ♥

Vi er vel heime etter ei fin helg hos foreldrene mine,
og no er det sofakos, fyr i peisen og relaxing som gjelder.


Med ein kjekkas som har vært på hjortejakt størsteparten av uka,
har det blitt ein liten pause i oppussingsprosjektet vårt.
Planen var å få gjort litt i dag, men med den årlige jaktfesten (som gjekk av stabelen i går..)
friskt i minne,
tviler eg på at det er så lurt å male i dag..

Tilbake til overskrifta, har eg sagt at ei av dillene mine er ENGLEDILLA ?
Engler får eg liksom ikkje nok av..

 
Nokre av kvardagsenglane mine ♥
 

Er ikkje dei SØTE ?


No gleder eg meg til at JULEENGLANE snart skal finnast fram.

♥Fortsatt god søndag♥


onsdag 9. november 2011

Har du prøvd hormonsjekken ?

Etter ein del medieomtale denne veka om kosmetikk- og kroppspleieprodukt som inneheld hormonforstyrande stoffer, lasta eg ned appen som kan scanne etter slike tilsetninger.
Hormonforstyrande stoffer skal i høgste grad være kreftframkallande - uff synst dette er skremmande, og vil nok for ettertid sjekke denne type produkter før eg handler.
Det er berre å scanne strekkoden på produktet med mobilen (den har vi jo som regel med oss).

Nokre produkt ligg ikkje inne, men for dei som gjer det ,får du eit av desse svara;

Appen er gratis å laste ned, så kvifor ikkje prøve ?
Eit lite tips heilt på tampen av dagen..

♥Vi blogges♥

Stemningsbilder frå ei stove

… der alt er hulter til bulter.. Glasskarmer fylt til randen med stæsj og nakne veggar som skin i mot ein. Og til stor glede (trur eg..) for våre kjære naboar har vi laga panoramainnsikt til oss. Og sånn går no dagan mens vi maler og maler..

Hulter til bulter

Det er ikkje ofte ein kan skilte med at Vestlandet har det beste været, men i følge Meterologisk Institutt er vi “værvinnere” denne uka. Det flotte været gir oss flotte sol- oppganger og solnedganger.

Morgonstemning

Ein god dag vidare til alle som er innom♥

søndag 6. november 2011

God søndagskveld

Her i huset har vi nytta helga til å starte på oppussing av stova. Jammen er det litt styr når ein skal ta både vegger, lister og alle dør- og vinduskarmer. Hehe -  vi måtte virkelig manne oss opp for å starte på dette, men når ein først er komt i gang så går det jo så bra. Bilder kjem når alt er klart og alt er komt på plass – ein gong før jul ☺

Heldige meg vann Aileen sin flotte give away, og i går fikk eg denne kjempekoslige pakken i posten fra henne. En supersøt serviettholder med servietter og et flott skilt – alt passer perfekt i sommerhuset vårt. Tusen takk, falt virkelig i smak ♥

IMG_2736

Kyllingfilet surra med bacon og fylt med brie og rødvin i glasset stod på lørdagskos menyen♥ Som tilbehør hadde vi bakt potet med mais og Aioli, bakt tomat med basilikum, og dadler fylt med en bit kvitløk og surra med bacon.

IMG_2737

Et nydelig måltid som kan anbefales ♥

Ønsker alle ei ny god veke

torsdag 3. november 2011

I dag skriv vi 3. november, og ser vi fekk frå alle julevarene som er komt i butikkane, er det svært lite som minner om at det snart er jul. Vi er heldige og bur på ein solrik plass (ja når sola først skin..), så i dag har vi hatt sommar. Gradestokken kraup akkurat over 20+ ! Helt utrulig!

Ute i hagen er det mest høst med eit sommerlig innslag av  jordbær ♥

cats

RPENN_expressyourself-aperfectday

Innandørs er vi starta med oppussing av stova. Det er ikkje alltid like enkelt og bestemme seg for farger, men vi har no enda opp med fargen Lys Antikk.

IMG_2629 IMG_2567

Gleder meg til å få ei lys og fin stove.

I dag kom nye salongbordet vårt i hus, men det blir ikkje pakka fram før vi er ferdige med oppussinga♥

002